Njål på eksklusiv topp-50 liste

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2022

Njål Torillson Tyssing sprang heilmaraton på 2.34.32 på Eidsvoll i 2021. Det heldt til 39.plass på topp-50 – for kongeriket Noreg - på distansen i 2021. Ein særdeles sterk prestasjon av Njål, i hans siste sesong i klasse 35-39 år.

Det er friidrettsleiar Alf Petter Bøe som stolt fortel dette til VIL-Nett:
 -  Om nokon er interessert finn dei heile lista i siste nummeret av Kondis, fortel Alf Petter.