Kontingent-trekning januar månad
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Feb 2022
175 medlems-innbetalingar i januar månad er fantastisk flotte tal. Fredag var det premie-trekning på Nærbutikken i Velledalen. Frode Mauren, VIL-entusiast og Giørtz-sjåfør, fekk æra av å stå for trekkinga under ei varelevering til Nærbutikken i Velledalen. Med friidrottsleiar, Alf Petter Bøe, som vitne. Desse fem namna vart trekte ut:
Ståle Eikrem
Jan H. Holmøy
Øystein Bakke
Maciej Decyk
Oline Tandstad Hole
Sidan oppslutninga var godt i overkant av venta, vart det trekt heile fem vinnarar. Desse får i nær framtid levert premiar frå Frøysagarden og Nærbutikken Velledalen i handlenett pryda med Velledalen IL sin logo.
Stor takk til alle tidleg-betalarar av medlemskontingent!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024