Det haglar fødselsdagar over Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2022
Aktive tvillingpar har vi fleire av i Velledalen IL. Vi nemner May Evy og Ola Aage Nesheim, Sivert og Andreas Mosby Nakken og dei to som vert 62 år i dag, Ove Inge og Kai Roger Skylstad.
Ove Inge og Kai Roger kom altså til verda 30.januar 1960. 30.januar er same daga sola er tilbake på Hole, etter eit fråver på kring to og ein halv månad. Det betyr at var det finever 30.januar 1960, fekk Oddmund og Lovise Skylstad ikkje mindre enn tre soler denne dagen. I alle fall har tvillingane deira vorte som ei sol å rekne for idretten i Velledalen. Begge Hau-tvillingane vart aktive gutar. Alle som voks opp i Holegarden på 1960-talet vart det. Begge karane har vore aktive i fotball, handball, friidrett og hesteskokasting.
Frå årsmøtet i 1974 saksar vi fylgjande tekst, ført i penn av Ole Petter Berge:
«Årsmøtet vart avslutta med mat, kaffi og ein gratisbingo. Friidrettsgruppa nytta elles høvet til å dele ut premiane for klubbmeisterskapet (trekamp) som vart halde 22.september. I alt tok 22 born og ungdomar del i stemnet. Utanom den vanlege premieringa, var det oppsett i alt 6 medaljar som skulle gå til tre beste jente-resultata og til dei tre beste gute-resultata uansett årsklasse. Medaljane gjekk til fylgjande:
JENTER:
Gull: Sølvi Hole 2204 poeng
Sølv: Heidi Brunstad 2066 poeng
Bronse: Eli Hole 1981 poeng
GUTAR:
Gull: Ove Skylstad 2063 poeng
Sølv: Kai Skylstad 1827 poeng
Bronse: Pål Rune Fet 1820 poeng».
Seinare vart begge Hau-tvillingane dugande stafett-løparar. Begge var med på Velledalen IL sitt lag som i 1981 sette klubbrekord i Holmekollstafetten. Ove vart KM-vinnar i stille lenge, medan Kai var den som gjorde det best i hesteskokasting. Begge fekk verv i laget i ung alder. Ove vart mellom anna varamann til hovudstyret og medlem i friidrettsgruppa alt i 1976 (som 16-åring). Året etter (1977), hadde Velledalen IL denne friidrettsgruppa: Ove Skylstad (formann), Åge Johnsen og Kai Skylstad. Kai Skylstad vart VIL-kasserar i ung alder, og hadde elles tittelen «VRF sin spelande sosialsjef» under laget sin tunge periode på 1980-talet.
Som alle skjønar; det er to viktige og uthaldande karar som har fødselsdag i dag……
Velledalen IL takkar og gratulerer!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024