I dag fyller ordføraren i Sykkylven 56 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jan 2022
Arkivfoto : Frå grillkveld på Brunstadsætra
I går melde vi at Svein Arne Nakken passerte 56 år. I dag kan vi melde om same alder for sykkylvsordførar Odd Jostein Drotninghaug. Går ein litt tilbake i historia, vil ein finne at også ordføraren har sett spor etter seg i Velledalen IL. I 14-15 års alderen var Odd Jostein ein svært så aktiv herremann på sportsfronten, med langrenn som favoritt-disiplin.
Her litt frå Velledalen IL sitt arkiv:
10.desember 1980: Nr 1 i klasse G 14 lysløyperenn i Hevsdalen
Desember 1980: Nr 1 klasse G 14 i Sunnylven IL sitt romjulsrenn
26.desember 1980: På deltakarlista under Velledalen IL sin Romjulsmarsj
4.januar 1981: Nr 2 klasse G 14 langrenn i Eidsdal
Sykkylvssprinten 1981: Nr 3 i klasse G 14
Januar 81: Nr 5 i klasse G 14 i renn på Emblem
Mars 81: Nr 3 i klasse G 14 i Norddal IL sitt renn
Deltok i stafett-KM og FM (fylkesmeisterskap)
Eit av sine beste renn for sesongen gjekk Odd på Emblem. Stort renn med 177 deltakarar. Kunne vere opp mot 20 deltakarar i klasse G 14 i slike renn. Her er dei seks beste i klasse G 14 frå rennet på Emblem for 41 år sidan:
1.
Joar Eidheim, Sykkylven IL, 18.40
2.
Hallvard Moe, Ørsta IL, 19.25
3.
Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, 19.29
4.
Lars Halldor Sæther, Vartdal IL, 19.30
5.
Odd Jostein Drotninghaug, Velledalen IL, 19.48
6.
Are Nerem, Emblem IL, 19.52.
Joar Eidheim vann flest renn i denne klassa i 1981-sesongen. Fridtjof, som no er VIL-medlem, tok eit utal andre- og tredjeplassar. Året etter – i 1982 – vart Are Nerem, guten på plassen bak Odd, ein farleg feiar i denne klassa. I dei nemnde stafettane gjekk Odd på lag med Svein Arne Nakken og Roger Malvin Hole. Laget kunne ha ein samla alder på 42 år, som heldt akkurat med tre 14-åringar. Alle tre januar-born. Med Roger som eldstemann (3.januar), Svein og Odd med mellomrom på ein dag, 28. og 29.januar.
Med desse – truleg glade – skiminna, gratulerer Velledalen IL sykkylvsordføraren med dagen!
...
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024