Ålesund Vinterkarusell: Påmelding opna for løp 3
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jan 2022
Arkivfoto
Dei to fyrste løpa i Ålesund Vinterkarusell vart arrangert før jul. Eitt i november, eitt i desember. Det siste på vinterføre.
22.januar er det klart for løp tre. Det er opna for påmelding. Her kan ein springe fem eller ti kilometer med tidtaking (begge har start klokka 14.00), eller ein kan velje ei trimklasse utantidtaking, som spring to rundar rundt «Lisjevatnet»
Hittil har tre løparar meldt seg på, og øvst på den lista står friidrettsleiar i Velledalen IL, Alf Petter Bøe. Han er påmeld på 10 km. Vi reknar med ein fyldig tropp frå Velledalen IL, kanskje tosifra deltakartal. Som vanleg trekkjer vi ut ein premie eller to (om tosifra tal stiller) til utøvarar frå Velledalen IL.
Dei to siste løpa i Ålesund Vinterkarusell har desse datoane:
12.februar – løp 4
12.mars – løp 5
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024