Hareid vinterkarusell: Frode snusar på pallen samanlagt
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jan 2022
Arkivfoto
Frode Mauren er einaste herre frå Velledalen IL som har nytta Hareid vinterkarusell som gode treningsløp i oppbygginga mot ein ny sesong. Og Frode har levert solid i herreklassa. Så bra at han kan ta siste pall-plassen samanlagt med eit sterkt løp den 5.februar. I går vart Frode nummer sju mellom herrane, etter eit løp han berre var sånn passe nøgd med. I tillegg sprang han litt feil og tapte ei par plassar på det. Forholda på Hareid i går var minusgrader og snø som underlag. Slik ein må rekne med vinters dag.
Resultat frå Hareid vinterkarusell 8.januar 2022
Grimstadvatnet Rundt – 7,8 km
HERRAR – dei ti beste:
1. Knut Vikebakk, Hareidlandet Triatlon, 28.34
2. Peter Vattøy Nygjerde, Ulsteinvik, 29.06
3. Jan Endre Rise, Hareid IL, 29.24
4. Odin Bjørlykke Bakke-Hareide, Hareid IL, 30.10
5. Sondre André Holstad, Hareid IL, 30.40
6. Henrik Vikebakk Sandstad, Ytterøy IL, 30.49
7. Frode Mauren, Velledalen IL, 31.12
8. Stian Longva, Noteam, 31.18
9. Alexander Hagen, Noteam, 33.19
10. Eskil Naustenget Bjørlykke, Hareid IL, 33.42
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024