Jonny Mauren «Årets Krafthoppar» i Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jan 2022
På 1960-talet dreiv mest alle gutar i Velledalen med skihopp i ei eller anna form. Så kom vi til 1969/1970. Då kom det skitrekk i Ladalen. Nærast over natta var hoppsporten utkonkurrert av alpint.
Men nokre få heldt det gåande. Mellom dei Jan Ringseth og Arnt Cato Eidem i Sykkylven IL. Men då fotballen i Sykkylven IL «kibba» friidretten ut av Sykkylven stadion, var hopparen Jan Ringseth mellom dei som melde overgang til Velledalen IL.
Der var Jan lenge einsleg hoppar. Med ei rad vetran-VM og medaljar i høge årsklasser som årlege høgdepunkt. Jan heldt på lenge. Til langt opp i 70-åra, og heilt til han fekk oppleve at ein ny, ung hoppar byrja hoppe for Velledalen IL. Med dei nye plastbakkane i Spjelkavik som treningsarena. Hopparen vår, Jonny Mauren, har vorte 13 år. Han tek nye steg kvart år. Sist haust nådde han 40 meter under trenings-samlinga i Knyken.
Vi minner igjen om at lengste skihopp ein utøvar som har representert Velledalen IL har gjort under konkurranse, er 53 meter. Magnar Fet i Hornindal i 1949. Vi kan ikkje skryte av at unggutane står i kø for å slå rekorden hans. For tida har vi berre eitt håp – og det er Jonny.
Jonny Mauren. Busett i Ålesund og vinnar av prisen «Årets Krafthoppar» i Velledalen IL i 2021.
Gratulerer til Jonny!
Og stor takk til Jan Ringseth for hans fantastiske bidrag for det samla, vesle hoppmiljøet på Sunnmøre!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024