Vi hyller Njål på 40 års dagen
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2022
Arkivfoto
Njål var inga barnestjerne. I alle fall visste vi ikkje om han i Velledalen IL som ei slik. Men som tenåring kom han inn i Velledalen IL i ei tid laget hadde eit bra ungdomsmiljø i langrenn. Vi nemner løparar som Stian Mork, Ole Petter Lødøen, Frank Hole, Ole Johnny Myrseth, Sætre-gutane på Ikornnes og Njål. Då såg vi at det var noko ved denne guten som skiløpar. Og ikkje lenge etter såg vi det var noko ved han som fotballspelar. Kanskje ikkje så unaturleg, sidan han hadde ein kjend onkel frå Hødd-miljøet, Kalle Strandabø, som sikkert kunne lære Njål litt av kvart om fotball. Han slo seg i alle fall inn på VRF-laget i ganske så ung alder, i ei tid der nivået på ballsparkarane var rimeleg høgt i bygda vår.
Så kom det ei tid der Njål forlet Sykkylven. Og vi visste rett og slett lite om kva han sysla med. Men like brått som han vart borte, var han tilbake. No som løpar og som inspirasjonskjelde. Det var Njål som «sprita opp» nivået og kvaliteten i Oslo-avdelinga sine treningar. Og det var han som noterte dei største framgangane. I 2021, i sitt siste år i klasse 35-39 år, handla han inn noko av det beste på skofronten. I sine nye Vaporfly-sko gjorde han kjempesuksess. På alle distansar. Men vi nemner 2.34.32 på heilmaraton og 1.13.08 på halvmaraton som høgdepunkta. Velledalen IL sine klubbrekordar fall for fote. Like eins løps-rapportane hans til Nettsida. Dei kunne vere både lange, underhaldande og inspirerande.
Vi er stolte av å ha karar som Njål med i laget vårt!
Vi reknar med å ha mange idrettsvener i Sykkylven med oss i ein saftig gratulasjon til Njål Torillson Tyssing
På 40 årsdafen 1.Nyttårsdag 2022!
...
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024