Tre fullførte halvmaraton i Sykkylven

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Des 2021

I dag skulle Ålesund Nyttårsmaraton eigentleg vore arrangert. Noko covid-pandemien sette ein stoppar for. Men kvartetten Fridtjof Fredriksen (1966), Per Inge Bjørnestad (1971), Kristoffer Nonstad (1987) og Andreas Mosby Nakken (2003), starta i sitt eige løp klokka 11.00 i føremiddag. Nonstad gav seg etter drygt 16 kilometer, medan dei tre andre fullførte halvmaraton-distansen.

Tidene vart slik:
1.29.18: Per Inge Bjørnestad
1.31.36: Andreas Mosby Nakken
1.39.30: Fridtjof Fredriksen

Forholda var ikkje dei beste, men Andreas flytta bestetida frå 1.34.31 (Gloppen) til 1.31.36. Sterkt levert!