Klubbmeteorologen spår: - Det går mot kvit jul
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Des 2021

Eg har fått ny oppmoding om å spå om det vert kvit jul i Velledalen. Eg har i eit tidlegare varsel i slutten av oktober meldt ei fuktig jul med både snø, sludd og regn.
Når eg no gir meg inn på eit varsel med litt kortare perspektiv, så ser det ut for at øvre Velledalen får eit tynt kvitt snødekke i jula, men truleg for lite til at det kan arrangerast hoppbakkerenn i Nakkebakken, slik vi ofte gjorde for 50 år sidan.
Når det gjeld neda brauta, trur klubbmeteorologen at det vert grønt på markane. Men julestemning vert det der også, ikkje minst takka Ove Skåre sitt flott lysdekorerte julehus.
Nåe det gjeld nedbør, trur klubbmeteorologen at den har gjort frå seg når jula nærmar seg, og at det difor vert nokså kaldt opphaldsver mykje av jula.
Per-Gunnar Holmberg
Klubbmeteorolog i VIL
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024