Ålesund Nyttårsmaraton utsett
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Des 2021
arkivfoto
Grunna oppblussing og til-spissing på corona-fronten, har arrangøren av Ålesund Nyttårsmaraton gått for ei utsetting. Løpet skulle etter planen avviklast 29.desember med distansane 5 km, 10 km , halvmaraton og heilmaraton. Fem utøvarar frå Velledalen IL hadde alt meldt seg på (alle på halvmaraton), men det er grunn til å tru at vi hadde mønstra tosifra deltakartal om alt hadde gått etter planen.
Våre fem påmelde var:
Fridtjof Fredriksen
Alf Petter Bøe
Frode Mauren
Sivert Mosby Nakken
Andreas Mosby Nakken
Ny dato for arrangementet er førebels ikkje sett.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024