Buss-bransjen stod sterkt i Velledalen på 1980-talet
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Des 2021
Sjå foto. Velledals-eigde «Arthur» til venstre. Her fotografert i Loen, saman med ein standard turistbuss på den tida. Noko UE 24012, «Arthur», så definitivt ikkje var. Nei, ingen turistbuss, men den tente formålet sitt.
Bussen var eigd av menn frå Velledalen. Stort sett ungkarar. Den var saktegåande i tungt terreng. Så saktegåande, at hadde det vore i dag, kunne ein risikert å bli passert av Kjell Magnar Berli under hardøktene hans opp fjellet. Men i lett-terreng gjekk det betre, her kunne ein i minste fall snuse på fartsgrensa. Men det var med «Arthur» som med Konradløpet; farta er ikkje det viktigaste!
Les VIL-Nett i morgon. Då tek vi ein kik på innsida av Fest-og Ungkarsbussen «Arthur» frå Velledalen. Året er 1987. Gled dykk!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024