Framgang for Olga og Maciej

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2021

Dei to som leverte største framgangen var Olga Decyk og broren Maciej. Begge sprang 5 km både i fyrste og andre løp. Difor er samanliknings-grunnlaget godt.

Under 1. løp kom Olga inn på 31.48 under gode forhold. I løp to pressa ho tida ned til 30.30 på delvis glatt underlag. Framgang på eitt minutt og 18 sekund i løpet av ein månad som vekkjer oppsikt.
Svært bra levert, Olga!

Medan Olga er i klasse 40-44, stiller broren Maciej i klasse 45-49. I fyrste løp levert han 21.16. Ei tid han pressa ned til 20.35 i går, i eit løp der han vart tredje best av alle på fem kilometer. Som betyr at han er god for kring 18.20 i Konradløypa. Ei særs solid tid for ein mann i klasse 45-49 år. Og truleg har han meir inne.
Med andre ord; ein god dag både for dei polske løparane våre, og Velledalen IL, i Ålesund laurdag.