Etter eitt «friår» er Inger Riksheim tilbake
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Des 2021
Medan 2020 var Jan Kåre Oterhals sitt år, er Inger Anne Riksheim tilbake på toppen i 2021. Med utrulege 687 turar og 4760 poeng. Det beste den noverande 64-åringen nokon gong har gjort på fronten. Og ho har gjort mykje, det skal vere sagt med ein gong.
Her er det statistikk-førar Nils Terje Skylstad har funne på Inger sitt rulleblad siste trimåret:
665 turar til Bruna trimpost
11 turar til posten i skogsvegen Straumsheim
9 turar til Riksheimdalen
2 turar til Koppen
Då vart topp-10 lista samanlagt for perioden oktober 2020 til oktober 2021 slik:
1. Inger Anne Riksheim (64) – 4760 poeng (687 turar)
2. Ingunn Hole Hunnes (73) – 4013 poeng (579 turar)
3. Solveig Olsen (69) – 3922 poeng (561 turar)
4. Inger Fet (7?) – 3052 poeng (435 turar)
5. Ingrid Brudevoll (70) – 2717 poeng (453 turar)
6. Anita Hjorthol (65) – 2165 poeng (380 turar)
7. Ivar Arne Flo (77) – 2156 poeng (308 turar)
8. Elling Hole (80) - 2130 poeng (242 turar)
9. Einar Fet (77) – 2042 poeng (291 turar)
10. Grethe Fet (75) – 1847 poeng (584 turar)
Like ved:
11. Nils Terje Skylstad (64) – 1845 poeng
12. Bård Per Erstad (78) – 1842 poeng
Merittlista til Inger Anne Riksheim på trimpost-fronten:
2010: Nr 1 med 3978 poeng
2011: Nr 2 bak Vigdis Fure
2012: Nr 2 bak Vigdis Fure
2013: Nr 1 med 3208 poeng
2014: Nr 1 med 3018 poeng
2015: Nr 1 med 4022 poeng
2016: Nr 1 med 3485 poeng
2017: Nr 1 med 3414 poeng
2018: Nr 1 med 3660 poeng
2019: Nr 1 med 4046 poeng
2020: Nr 2 bak Jan Kåre Oterhals
2021: Nr 1 med 4760 poeng.
Vi gjer merksam på at Inger har hatt over 4000 poeng alle tre åra ho vart nummer to
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024