Anita Hjorthol vann VIL-kruset
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Des 2021
Svaret til Anita lydde slik: Johan Hjorthol, Per Helge Frøysa, Gunnar Klokk og Magnar Kvalvåg. Som var heilt korrekt.
Den femte på biletet var ikkje god å kjenne, då vedkomande var løynd bak Per Helge Frøysa. Ingen har kome med skråsikre meiningar om kven det var, men det kom inn tips om to namngjevne; Harald Hjorthol og Jonny Myrseth.
Vi veit at begge dei var til stade denne kvelden.
Saman med kunngjeringa om Anita som premievinnar, legg vi ved eit anna foto frå «Humoren sin kveld» sin debut. Her ser vi fire andre deltakarar, nemleg veteranane Tomas Tandstad, Jens Velle, Arnold Weiberg-Aurdal og Martin Lade.
Heile 15 deltakarar – alle menn – sette seg på «lygarbenken» denne kvelden. Og gav eit talrikt publikum det dei var komne for; den gode latteren.
Som vi ser i bakgrunnen var arrangementet støtta av Sparebanken Møre.
Kjetil Tandstad var programleiar.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024