Premietrekning 1. løp i vinterkarusellen
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Nov 2021
Velledalen IL hadde med tolv utøvarar i fyrste løp i vinterkarusellen. I dag laurdag trekte laget ut dei to som skal premierast for dette løpet.
Premietrekkjar var Roger Malvin Hole frå Osloavdelinga, under oppsyn av friidrettsleiar Alf Petter Bøe og nestleiar i Velledalen IL, Atle Hole
Dei to uttrekte var:
Frode Hoprekstad
Anita Holmberg
Går alt som planlagt vert premiane delte ut under løp to i vinterkarusellen, altså 11.desember – eller den helga om utøvarane ikkje deltek.
Friidrettsgruppa vil i 2022 halde denne premieringa for deltaking i løp:
0-10 deltakarar frå Velledalen IL – 1 premie
10-20 deltakarar frå Velledalen IL – 2 premiar
Over 20 deltakarar frå Velledalen IL – 3 premiar
PS. Hugs Velledalen IL betalar startkontingenten i andre løp av Vinterkarusellen (11.desember). Påmelding til Henning Tandstad. Meld frå 5 eller 10 km
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024