Trimpostane: Ingrid Brudevoll best frå Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2021
Sidan i fjor har Ingrid også passert den magiske 70 års grensa. Men det synest ho ikkje merke. Turtalet er auka frå 436 i 2020 til 453 i 2021.
Poengsummen var 2467 i 2020, mot 2717 i 2021. Med andre ord ein auke på 250 poeng. Sterkt!
5.plass og best frå Velledalen – akkurat som i fjor.
Her bør det kjøpast kake, Karl Johan!
Ingrid Brudevoll var einaste «utøvar» som vann to postar (skogsvegen Hjorthol og Koppen) sist sesong. Ho er hyppigast å sjå på fylgjande turmål:
Skogsvegen Hjorthol (191), Koppen (139), Myrdalsfjellet (62), Vellesætra (25) og Brunstadsætra (20).
Ingrid har siste året vore innom ni av 15 postar.
Topp-10 trimpostar 2021:
5. Ingrid Brudevoll (70) – 2717 poeng
6. Anita Hjorthol (65) – 2165 poeng
7. Ivar Arne Flo (77) – 2165 poeng
8. Elling Ivar Hole (80) – 2156 poeng
9. Einar Magne Fet (77) – 2042 poeng
10. Grethe Fet (75) – 1847 poeng
Like ved:
Nils Terje Skylstad (64) – 1845 poeng
Bård Per Erstad (78) – 1842 poeng
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024