Takk til alle som bidrog ved Førjulsmessa!

    Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Nov 2021

    Helga er over, og vi har lagt bak oss ei vellukka Førjulsmesse. For fyrste gong i spann med Velledalen grendalag som steppa inn etter at Velledalen skulekorps og VRF har takka nei til deltaking.
    Og kvinnene i grendalaget gjorde ein glitrande jobb på kjøkkenet. Truleg ventar ein fem-sifra pengesum når alt er gjort opp.

    Det var stor spaning kring oppmøtet denne gongen grunna pandemien. Utstillarane kom, men kva med publikum…?
    Også dei kom, om enn ikkje i same mengder som eit normal-år. Vi tel ikkje dei frammøtte, men måler etter kor mange kaker vi løyver.
    I år var det i storleiken 10-12, som betyr at besøket var mellom det ringaste vi nokon gong har hatt. Men det var venta slik dette året.

    Salet gjekk upåklageleg var det likt til. Og difor reiste mange av utstillarane nøgde heim. Som faktisk er det viktigaste med tanke på å få dei tilbake i 2022.

    Arrangørane vil med dette rette ei stor takk til:
     ·  Alle utstillarane (langt over 30 i talet)
     ·  Alle glade kakebakarar
     ·  Alle funksjonærar av ulikt slag (om lag 85 frå VIL og 15 frå grendalaget)
     ·  Spesielt stor takk til utstillar-koordinator Myriam Van Wunsel og messesjef Ove Inge Skylstad