Sterk 7.plass til Ivar Arne Flo
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Nov 2021
Det skilde berre 26 poeng mellom Ivar Arne Flo på 7.plass og Elling Hole på 8.plass. Som dei andre på denne lista hittil, er Ivar ein godt moden veteran med sine 77 år. Han fær ikkje å rotar overalt, men held seg til posten i Riksheimdalen. Skal vi tru statistikk-førar Skylstad – noko det er grunn til å gjere – er Ivar det vi kallar «spesialist».
Samanlagtpoenga for alle trimpostane 2021:
7. Ivar Arne Flo (77) – 2 156 poeng
8. Elling Ivar Hole (80) – 2 130 poeng
9. Einar Magne Fet (77) – 2 042 poeng
10. Grethe Fet (75) – 1 847 poeng
Like ved:
Nils Terje Skylstad (64) – 1 845 poeng
Bård Per Erstad (78) – 1 842 poeng
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024