I dag kjem lefsene til Førjulsmessa
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Nov 2021

Det er klart for siste dag av Førjulsmesse 2021. Somme utstillarar dreg etter ein dag, og nye kjem til. Opningsdagen var det mange som spurde etter lefser. Det var ikkje å oppdrive mellom dei godt over 30 utstillarane i går.
Trøysta får vere at dei kjem i dag. Heilt frå Nordfjord, nærare bestemt Bryggja. Så lokale lefsebakarar; potensialet ligg her.
Rykta seier at også andre gode kaker er i kjømda.
Støtt også dei andre utstillarane som har teke turen til bygda vår!
Hjarteleg velkomen til Velledalen grendahus og dag to av Førjulsmessa 2021!
Kaffien, kakene og svelene er av prima kvalitet.
Der har Velledalen Grendalag stålkontroll.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024