13.november: 1.løp i Ålesund Vinterkarusell
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2021
Arkivfoto
Nøyaktig to døgn før startskotet smell – laurdag klokka 14.00 – hadde 27 utøvarar meldt seg på. Mellom desse tre frå Velledalen IL:
Alf Petter Bøe – 5 km
Svein Arne Nakken – 5 km
Sivert Mosby Nakken – 5 km
Løp nummer to vert arrangert 11.desember.
Kasserar Henning Tandstad opplyser at Velledalen IL slår på stortromma to dagar før Luciadagen og betalar startkontingenten til alle med medlemskap i VIL.
Dette blir siste karusell-løpet i 2021, og målet er at der skal Velledalen IL vise styrke som breiddeklubb.
Greier vi 20 løparar…..??
Målet er at her skal vi stille med unge gutar og jenter, folk i sin beste alder og modne menn og kvinner.
Merk av datoen – 11.desember 2021 – i Spjelkavik. Start klokka 14.00.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024