Ein god VIL-hjelpar har passert 70 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Nov 2021
Svein Helge Hjorthol høyrer med mellom dei trufaste. Ein av dei som aldri sviktar. Han er der, og stiller når vi treng han, anten det gjeld Fjellsæterrunde, Konradløp eller andre tilskipingar.
Velledalen IL gjorde ei satsing på barne-og ungdomsidrett frå 1965. Åra som gav flomlys i Holemarka for det ein i dag ville kalla «primitive anlegg» for hopp, alpint og langrenn. Svein var langrennsløpar som ung, akkurat som den eitt år yngre naboen, Geir Hjorthol. Dei var mellom dei eldste som fekk med seg den nye «driven» i Velledalen IL. Seinare vart det fotball for Svein. Han spela seg inn på A-laget, der han var ein god stoppar/defensiv midtbane. Hadde det ikkje vore for ein lei kneskade, kunne fotball-karriera vorte lang. Men han fekk med seg dei gode åra, mellom dei baneopninga på Dalemyra i 1971.
I Velledalen IL har han hatt ei rekkje verv. Fyrste gong vi finn han i møteboka er frå årsmøtet i 1973, då årsmøte valde Svein Hjorthol (22 år) og Arild Lade som revisorar. Under årsmøtet i 1974 steig han i gradene, då fekk han tittelen kasserar. At det var andre tider i Velledalen IL midt på 1970-talet enn no, vedkomande alder på hovudstyret er sikkert. 1974-valet lydde slik:
Leiar: Edvard Hole (40)
Nestleiar: Ole Jostein Fet (19)
Kasserar: Svein Helge Hjorthol (23)
Skrivar: Kari Hjorthol (20)
Styremedlem: Atle Hole (18)
Etter ein rolegare VIL-periode med husbygging og stifting av familie, var Svein tilbake i ei ny fase. I langrennsgruppa. Som ein trufast tenar under klubbrenn og Fjellsæterrunde. At Svein Hjorthol var mellom VIL sine funksjonærar under det kring tre mil lange turlangrennet gav låg odds. I 2002 kom Konradløpet. Like eins der. Einast ei gnallhard lamming av verste sort kunne få Svein til å melde avbod, elles var han mellom dei sikre funksjonærane som møtte på Brunstad kring klokka 04.45 på 1.mai. Som tidtakar. Kvart år til det vart pandemi-stopp i 2020.
Og like sikkert som at Velledalen IL er i drift, er det at Svein betalar medlemskontingenten sin. Den kjem kvart einast år. Her trengst det inga purring.
Svein Helge Hjorthol er det vi med rette kan kalle ein god VIL-hjelpar. Ein vi er glad i, og set pris på. Ein som gjer det lettare å drive Velledalen IL mot nye mål, og ein som kan laget si historie.
Gratulerer med passerte 70 år, Svein – vi skulle hatt fleire av ditt kaliber i rekkene våre!
Helsing
Velledalen IL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024