Juleveret

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Okt 2021

Eg har ogs
  å
   f
  å
  tt sp
  ø
  rsm
  å
  l om
  å
   sp
  å
   veret denne hausten, noko eg heldigvis ikkje har gitt meg inn p
  å
  .
  
   Oktober hadde if
  ø
  lgje almanakken synnjam
  å
  ne, og eg hadde tenkt at det borga for godt ver.
  
   Men det var eigentleg ikkje å vente, så med det fantastiske veret vi har hatt etter snøen som kom først i april, måtte berre regnet kome.

No er det ikkje så kjekt å ta feil, men når eg sist torsdag var i skogen etter at Yr.no synte delvis sol og opphaldsver heile dagen, medan eg vart dørgande blaut av at det regna stort sett heile tida, så tenkjer eg at når ikkje profesjonelle meteorologar greier å melde veret medan det er der, så kan det ikkje vere så farleg å bomme nokre veker fram i tid.

Rundt 5. november spår klubbmeteorologen at det kjem snø. Då har vi nordvestmåne. Det ser ut for at heile november vert relativt kald med mykje nattefrost.

Første halvdel av desember kan det bli mykje klarver. Frå rundt 20. desember får vi fuktigare vår. Rundt juletider ser det ut for å verte relativt mykje nedbør. Eg trur den kjem både som sludd, snø og regn.

Per-Gunnar Holmberg
Klubbmeteorolog