Perseløpet 2021
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2021
Arkivfoto
Alt låg til rette for ein flott dag på Eidsvoll søndag 17.10.2021. Veret var nydeleg med sol frå blå himmel, vindstille og ein heil haug med mannfolk med karbonsko var klare for springe maraton.
Eg er ein av desse mennene. Nokre få damer hadde også forvilla seg hit.
Kjapt litt om løypa. Perseløpet blir sprunge i ei løype på 2.6 kilometer asfalt rundt ein kornåker. Løypa er flat og fin, og innbyr til at middelmådige løparar kan springe litt fortare enn dei eigentleg er gode for. Det var også min plan i dag.
Treninga forut for løpet har pågått sidan januar, så ein kan trygt seie at det var på tide å sjekke om eitt år med trening slår eitt år med aldersforfall. Med meg på laget denne gongen var den eminente drikke-langer, motivator og tidlegare storspelar i fotball, Raymond Elveland. Dette kunne umulig slå feil.
Første halvmaraton gjekk i perfekt fart for å springe unde 2.35. Klokkas lyste 1.17.10 ca etter 21.1 kilometer. Eg sprang saman med nokre som skulle mål til halvmaraton, og det blei litt moro då dei spurta som galne for å vinne plasseringar, medan eg virka flamboyant uinteressert i å auke farta.
Etter kvart som drikka gjekk ned, perfekta langa frå unge Elveland, og kilometrane gjekk unna, gjekk eg litt lei av å springe og valgte difor å skunde meg til mål for å komme meg heim. Og kjekt nok stoppa klokka på 2.34.32 i mål. Ein fin pers på litt over fem minutt og målet om sub 2.35 blei også fullført. Eg blei også nummer tre, men det er ikkje so viktig på slike løp.
På veg tilbake til Oslo tok Elveland ansvar for køyringa, for eg merka at gamle tendensar med tøysete lår var på veg tilbake. Vi var begge einige om at dette var ein gild dag, men iallfall ein av oss håpte at det er nokre kvartal til neste gong ein må springe maraton.
For øvrig vil eg takke alle i treningsgruppa Trim og Trivsel i Oslo, Velledal IL si treningsgruppe i tigerstaden. Vi har trent intervall fast sidan mars i år, og det har utvilsom løfta mitt løpsnivå mange hakk. Takk til alle. Og no ein liten pause før oppkøyringa til haustkroppen 2022 startar i november igjen.
mvh Njål
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024