Vert det Osloavdelinga si helg…???

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Okt 2021

arkivfoto
 Laurdag 16.oktober stiller Anders Wigdahl som Velledalen IL sin utøvar i Ivar Formo sitt minneløp. 17 km langt i ei ganske krevjande løps-trasé.

 Same dag går storløpet Hytteplanmila i Hønefoss-traktene. Her vert Velledalen IL representert ved Nikolai Handle Jensen og Anette Heimli Jokstad. Også kjende som «hinderparet».

Og her er det venta ny klubbrekord på 10 km for Velledalen IL av Anette – kanskje til og med fyrste kvinne under 40 minutt nokon gong i laget si 115-årige soge….?

Kva så med Nikolai….? Han leverer heilt sikkert ei sterk tid. VIL-Nett trur det vert ei tid på 35-talet, og slengjer inn eit tips på 35.32.

  

 Sundag 17. oktober vert ein STOR DAG. Då vert det arrangert eit nytt Perseløp med base på Ås skole, Hammerås, med Feiring IL som arrangør.

Og her folkens, her kjem rosina i pølsa; Her stiller både Njål Torillson Tyssing (35-39) og Sverre Gunnar Brunstad (50-54) i same løp. Ein skikkeleg godbit på maraton-distansen.

Njål sin slektning, Jon Fiva, også mellom deltakarane. Han er garantist for høg «harefart». Jon spring for Tyrving, Brunstadekspressen for Lørenskog Friidrettslag og Njål for Velledalen IL.

  

 Njål går for ny klubbrekord for Velledalen IL på 42 195 meter. Rekorden har han sjølv, og den er så vidt sterk at han har ikkje lov å bli skuffa om han mislukkast.

  

 Meld store og små nyhende til VIL-Nett:

atlehole@online.no