Ein attraksjon er borte - takk for minna, Svein!
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Okt 2021
Vi hoppar tilbake til året
1971. Svein Welle passerte 24 år i april. Dalemyra vart opna denne sommaren, og
VRF var eit drivande godt fotball-kollektiv. Laget slo Hødd 1-0 (Kjell
Hellevik) i baneopninga. Seinare same haust, kom kampen det enno går gjetord om
i VRF-krinsar – VRF mot Clausenengen. På såpeglatt bane vann VRF topp-oppgjeret
på nivå tre, med 6-1 over laget frå Kristiansund. Tre mål av Svein Welle. Livet
smilte til Svein frå Bastiangarden på Velle.
Han slo i gjennom som fotballspelar
i siste halvdel av 1960-talet, saman med naboguten Bjarne Alnes. I perioden
1970-1972 er det rett å seie at Svein var ein attraksjon på fotballbana. Med
høgre ving som favoritt-posisjon. Styrkane hans var stor fart, finslepen
teknikk og god fotballforståing. Han var skjære eksperten på å stikke gjennom
eit forsvar – gjerne med eit kjapt veggspel føreåt, slik at han kom åleine i
gjennom mot målmannen. Han hadde ikkje dei hardaste skota, men var likevel ein
høveleg god avsluttar. I våre dagar vert det snakka mykje om «målpoeng» (mål og
målgjevande pasningar), og slike hadde Svein mange av i sine beste sesongar.
Svein Welle hadde stort
potensial som fotball-spelar. Han kunne garantert markert seg positivt på nivå
to – om han ville. Men han tok aldri ut potensialet sitt på fotballen. Det var
så mykje som var morosamt, og som ein ung herremann berre MÅTTE vere med på. Hard
trening, og «forsakelsar» for å nå eit sportsleg mål, var ikkje Svein sin stil.
Han vart i VRF, og prøvde aldri den «harde vegen» som trass alt låg open for
talentet hans.
Seinare sysla Svein litt
som trenar for eit av VRF sine fyrste kvinnelag i fotball, og med old
boys-fotball. Sjå foto frå ei slik trening på Dalemyra med Svein Welle i godt
selskap. Og han var oppmann (som det då heitte) i nokre sesongar. Elles hjelpte
han til med litt banearbeid – strøkne grasbaner var nemleg noko han sette pris
på. I åra 1983 og 1984 sat han som leiar i hovudstyret i Velledalen IL. Eit medlemskap
han pleia godt resten av livet.
I sine siste år med
nokolunde god helse, hadde Svein stor glede av el-sykkelen sin. Den tok han
rundt om på både korte og lengre turar. Då stogga han på og slo av ein prat
med
folk han trefte på sin veg. Det er
ikkje mange åra sidan eit slikt «sykkeltreff» inkluderte Kåre og Einar Fet her
på Hole, med hauk og gode historier.
Takk Svein, for
fotball-minna og latteren din!
Dei har eg lagra.
Olagarden 9.oktober 2021
Atle Jomar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024