Langarar i verdsklasse sett nær Sandane

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Okt 2021

Alle som spring lange løp
veit at det er viktig å få i seg nok næring. Går ein «næringstom» kan det vere
krise, særleg om ikkje målet er rett rundt hjørnet. Slike som serverer drikke
til løparar – utanom arrangøren sine stasjonar - vert kalla «langarar». Velledalen
IL er kjende for å ha dyktige langarar.

Svein Nakken - langrennsgruppe-leiar i VIL – er truleg laget sin mest kjende langar. Men etter
at han fekk seg nye sko i verds- og høg prisklasse, har han vorte så god at han
må springe sjølv. Slik hadde det seg at kona, Anita, fekk eit opprykk frå
hjelpelangar til sjefslangar.

Same tittel har Susan
Gjerde. Etter eit kurs med munnleg undervisning med Frode Mauren som instruktør,
har ho praktisert som klubbens sjefslangar det meste av 2021. Dei to nemnde
kvinnene er samstundes av klubben sine beste bidragsytarar på fotosida. Men det
kom eit aldri så lite hjartesukk frå Nordfjord denne helga:

 -
   

 Det er ikkje så
lett å skulle gi drikke og fotografere samstundes.

Nei, det kan vi tenkje
oss. Men alle lesarar bør vite at godt støtteapparatet gir gode, svoltne utøvarar.
Som regel vert desse personane ikkje nemnde. I resultatlistene står dei aldri.
Men dei er der – for løparane, og for Velledalen IL.

Denne gongen takkar vi
Susan og Anita for innsatsen. Og var der fleire VIL-langarar takkar vi dei også
– på strak arm. TUSEN TAKK!!

Vi har eit godt TEAM no.