Andreas klassevinnar og ny personleg rekord

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Okt 2021

Som unge utøvarar ofte er,
har Andreas Mosby Nakken hatt ein tendens til å vere «litt heit på grauten» i
ei tidleg fase av løpa. Som har enda med ein smell mot slutten og ei dårlegare
oppleving enn naudsynt var.

Men i dag viste Andreas
seg frå ei anna og ny side i Gloppen. Fyrste sju kilometer gjekk i snittfart på
4 minutt og 32 sekund på kilometeren. Neste sju km var farta pressa ned til 4.30,
medan siste sju gjekk på 4.27. Meir enn veldisponert!

Andreas fekk betalt med solid
ny personleg rekord (1.34.32), og ei god oppleving i eit langt løp. I dag
sprang du som ein garva langdistanseløpar, Andreas!. Ikkje nødvendigvis i fart,
men i løps-opplegg.

RESULTAT GLOPPEN HALVMARATON KLASSE M18-19:

1. Andreas Mosby Nakken,
Velledalen IL, 1.34.32