May Evy sette klubbrekord i Gloppen
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Okt 2021
Vi kjem tilbake med meir
frå Gloppen der May Evy sin rekord sjølvsagt vart høgdepunktet. Ho sette ny
personleg bestetid på halvmaraton med
langt over to minutt. Stort også av Bjørn Arve Brune som vart
klassevinnar i 55-59 år på 1.28.23 og Andreas Mosby Nakken som vart
klassevinnar i 18-19 år med
1.34.32.
Vidare vart det pallplassar på May Evy Nesheim (nr2 i 45-49 år), Per Inge
Bjørnestad (nr 3 i 50-54 år) og Frode Mauren (nr 3 i 45-49 år).
Beste VIL-tida hadde Per
Inge Bjørnestad med 1.23.00.
Som klubb kan vi vere
stolte av fem mann under ein time og 30 minutt i aldersgruppa 45-59 år.
Ni fullførande utøvarar
frå Velledalen IL i Sandane i dag, i tillegg til to under DNS-fana (betyr at
dei var påmelde men starta ikkje)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024