Njål Torillson Tyssing helsar frå hovudstaden
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Sep 2021
Meldte meg på haustens første løp med arrangementsdato 1.
august i håp om det skulle motivere til trening i familieferien, eventuelt
begrense forfallet. Løpet var Rekordløpet ved Sand, Gardermoen. Den samme
ultraraske 10 km som blei sprunge i vår og i ein del gongar i 2020.
Dessverre skulle det vise seg at is og Julius hadde påverka
meg ein del i juli månad, og eg svingte i mål på 34.44, 45 sekund bak målet om
under 34 minutt på mila. Min løpskompanjong og fetter, Jon Fiva, klarte brasene
som vanleg og sneik seg greitt under 34 minutt med tida 33.46. Vil for øvrig
nevne at eg sprang den første 5 kilometeren på 17-blank, så heilt på jordet var
eg ikkje før på 2. runda!
To veker seinare var det på tide å sjå kva motbakkane i Loen
kunne tilby av motgang. Bokstaveleg talt. Skåla Opp med vel 1800 høgdemeter på
8 kilometer. So mange høgdemeter har eg ikkje sprunge sidan eg var på samme
stad i 2015 (1.38). Vel på toppen klarte eg å iallfall å nærme meg målet om sub
1.30 med sluttid 1.32.38 og 50. plass. På veg nedover frå Skålatårnet tenkte eg
mest på kor heldig vi var som slapp nedbør, så eg må vere so ærleg å seie
at slike syrefestar ikkje gjev meg dei heilt store stundene. Kjekt at
sambygdingar i Oslo Morten Bueide og Jan Even Sandal også blei med på turen opp
fjellet. I tillegg til lokale høvdingar som Roger Solheim, Øystein Davik, Jan
Halvard Holmøy og Gard Mek.
Med håp om å få sjå 33-talet. meldte eg meg på Sentrumsløpet
med arrangementsdato 28. august. Eit løp som faktisk går i sentrum av Oslo,
byen som sjeldan begeistrar eller engasjerer utanfor ring3. Løpet er nokså
kjekt med mykje folk og gode løparar ein kan følge. Dessverre blei det med
tanken om å følge desse for meg, så sluttida viste 34.42. Ein månad med god
trening hadde gitt meg to sekund forbetring. Og Jon Fiva sprang som vanleg
greitt under 34 minutt.
Her vil eg også nevne at dei unge medlemmane i
Velledalen IL, Magnus Njålson Taubøll og Ingrid
Njålsdotter Taubøll sprang barneløpet til Sentrumsløpet. Så litt positive
ting er det alltid å ta med seg frå slike dagar.
Fram mot helgas løp, Oslo halvmaraton, klarte eg i løpet av
dei to siste vekene å få tatt to vaksiner. Først stivkrampe etter den tyske
norgesvennen hunderasa German Sheperd, også kjent som Schæfer, beit meg på ein
joggetur ved Frognersætra. Det skal ikkje seiast til hunden sitt forsvar at eg
var ca fem meter unna og gjorde alle moglege teikn til at eg ikkje var
interessert i noko hand/potegemeng.
Veka etterpå var det på tide med Moderna vaksinedose 2 på
onsdag ettermiddag, tre dagar før halvmaraton. Eg skal ikkje sutre for mykje,
men kan avsløre sopass at torsdag var ein dag eg vonar eg slepp unna på ei
stund.
Med alt dette som bakgrunnsteppe, så er det kanskje ikkje so
rart at eg ikkje var heilt framme i dei nye Vaporflyskoa mine då eg traff
Svein Nakken i sine nye Alphafly sko føre start på Oslo Halvmaraton. Her
blei eg spurt om eg støtta både MDG, TidForErna (ein misforståelse då freista å
sutre litt rundt Moderna) og kva for tid eg skulle prøve meg på. Heile teamet
til Velledalen IL såg solide ut, og hadde som vanleg godt humør. Ekstra artig å
sjå i mål at samtlege gjorde kjempegode prestasjonar.
Løpsopplegg mitt før start var difor å braute minst mogleg,
opne nokså roleg inn til Skøyen og sjå kva som var mogleg å få til siste
16 kilometrane. Så sagt så gjort. Trur eg persa på 10 km mellom 10 og 20 km i
løpet (33.50 i følge splitten), så noko fornuftig må ha blitt gjort av
sko-ingeniørane til Nike og forhåpentlegvis meg sjølv. 1.13.08 i mål og ny
pers med ca 1 min og 45 sekund. Plasseringa i det som viste seg å vere NM blei
32. plass. Endeleg litt medvind!
Resten av hausten fram til midten av oktober lyt brukast til
å trene mot maraton på Eidsvoll 17. oktober. Ein må vel vere sopass ærleg
med seg sjølv at målet må vere 2.34.59 (3.40 per kilometer og 36.40 på
mila) om alt går etter planen på løpsdagen. Men mykje kan gå gale.
N
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024