Mathias greidde målet sitt – solid framgang frå sist løp
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Sep 2021
Mathias greidde målet
sitt, då han kom inn på 1.39.46. Ei tid han var nøgd med. Ikkje rart, då han
sprang ganske så nøyaktig tre minutt raskare enn under
halvmaraton ved nyttår. I ei løype som vert
rekna som litt lettare.
Mathias
passerte på 48.09 halvvegs. Med same fart på
runde to ville han sett 1.36-talet. Men det får bli neste gong. Som fersk i
dette «gamet» er det heilt normalt å falle litt av mot slutten. Dessutan hadde
Mathias, som er politi, vore på nattevakt til 04.00 natta før løpet. Med start
alt 10.00 neste morgon, seier det seg sjølv at oppladninga ikkje var det beste
ein kan tenkje seg.
Tida 1.39.46 heldt til
27.plass av 62 fullførande i klasse 23-34 år. Av alle 171 mannfolka som
fullførte halvmaraton vart politimannen vår nummer 68.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024