Fire kvinner – fire distansar

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Sep 2021

Vi har alt skrive om May
Evy (5 km) og Christina (heilmaraton). Dei sprang i Ålesund. I Oslo hadde vi to
andre kvinner i aksjon.

Irene Mork:

Irene har etter kvart
samla seg god røynsle frå diverse karusell-løp i Ålesund, sommar som vinter.
Distansen har for det meste vore fem kilometer. Før Oslo-turen fekk VIL-Nett
melding om at Irene skulle springe 10 for Grete. Men det gjorde ho altså ikkje. Men i
resultatlista for halvmaraton K 45-49 finn vi:

82. Irene Mork, Velledalen
IL, 2.12.23.

Løps-profilen viser at
Irene på melde-stasjonane har hatt plasseringar mellom 73 (som det beste) og
82. Snittfarta litt under seks minutt på kilometeren på fyrste mila, litt over
seks minutt på siste del. Alt i alt ein særdeles lovande debut, med
tanke på at ho tidlegare stort sett har halde seg til korte distansar.

Anita Mosby Nakken:

Hadde eigentleg ikkje
andre planar for helga enn å vere støtteapparat for to springande søner og ein
ditto ektemann. Men Svein visste råd. Han melde like godt Anita på «10 for
Grete». Men før han forlet Sykkylven måtte VIL-Nett love at tida til kona ikkje
skulle gjerast offentleg gjennom nettsida. Den lovnaden held vi, sjølv om vi
trur Anita overraska ektemannen og kanskje også seg sjølv. Trygt inne mellom
dei 70 beste i klasse 55-59 år.