Heilmaraton for Christina likevel

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Sep 2021

Arkivfoto

 Rykta sa at Christina
ikkje kom til å stille, men rykte skal ein ikkje alltid tru på. I alle fall;
Christina deltok, og ho fullførte. På det ein må kalle kontrollert og rutinert
vis. Som alle veit har Christina gjort fleire kraftprøver tidlegare som er
verre enn eit maratonløp.




 Løparane på 42 195 meter
måtte fire rundar gjennom løypa. Her er snittfarta til Christina på dei fire
rundane:


 1. runde: 9,34 kilometer i timen


 2. runde: 9,22 km/t


 3. runde: 9,05 km/t


 4. runde: 8,91 km/t




 Kilometertidene til Christina varierte mellom 6.25 som best, til 6.43
som den linnaste


 .




 Christina vart med denne
tida nummer to i klasse K 23-34 år


 Flott levert, Christina!