Brunstadekspressen i gang att
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Sep 2021

Arkivfoto
Det var vore stille lenge
kring Brunstadekspressen (Sverre Gunnar Brunstad). Årsaka ligg i
diverse skadar. Og det er no ein gong slik at
helingstida vert lenger di eldre ein vert. Sverre Gunnar er no siste års 50-54
år løpar.
Men 5.september sprang han
halvmaraton i Perseløpet på Austlandet. Det gjorde han glimrande til 54-åring å
vere. Sluttida vart 1.19.21 for utøvaren som representerer Lørenskog
Friidrettslag. Klar klassevinnar i klasse 50-54 år. Og nummer tolv av alle
fullførande.
Beste herre uansett klasse:
Simon Knuten, Kristiansand
Løpeklubb, 1.14.55
Beste kvinne uansett
klasse:
Kristine Beate Walhovd,
BUL, 1.26.40
Kjekt å ha Sverre Gunnar
tilbake!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024