Minneord:Magnar Fet ein av dei største i Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Sep 2021
Arkivfoto
Magnar var sommargut, fødd
15.juli 1927. Tiåret 1920-1930 gav Velledalen svært mange guteborn som seinare
vart idrettsflinke. Men felles for desse var at krigen (1940-1945), skipla
aktiviteten deira. Gutane på Fet hadde likevel på sett og vis eit føresprang.
Dei var tiltakssame og arrangerte eigne smårenn og løp (med tidtaking), i
private løyper, heilt frå særs ung alder.
Alt like etter krigen var
Magnar så god at han spela på Sykkylven IL sitt A-lag. Sitat frå årsmeldinga
1947: «Dessutan deltok Magnar Fet i Sykkylven A-lag sin kretskampar og i
Noregsmeisterskapet, og gjorde ein god innsats». Idrettsaktiviteten blømde i
etterkrigsåra,
og samfunnet bygde seg
opp att. Livet smilte til dei unge.
Bolk 1:
Som 20-åring vart Magnar
formann i Velledalen IL sitt fotballstyre. Som 21-åring valt inn i hovudstyret
og framleis fotballformann. Som 22-åring vart han kasserar i hovudlaget og
framleis fotball-formann. Som ein skjønar, ein mann med tillit. Parallelt med
dette dreiv han aktiv idrett. Greinene hans var hopp, alpint, fotball og springing
(mest stafett). Dyktig i alt.
Saman med Øye-brørne på
Hole, Olav og Paul, vart Magnar rekna som Velledalen IL sin største utøvarar i
denne perioden.
I denne fyrste bolken av
Magnar sitt idrettsliv, hoppa han også det lengste ståande skihoppet nokon
velledaling har gjort i konkurranse. 53 meter i Hornindal. Ikkje all verda i
dag, men hugs at utstyret og bakkane var heilt annleis for snart 70 år sidan.
Vi veit ikkje kva rolle Magnar hadde, men nemner likevel at det i år er 70 år
sidan kona hans, Margit, vart Velledalen IL sin fyrste kvinnelege bygda-meister
i alpint (slalåm).
Vidare i denne bolken sat
Magnar fleire år i det som heitte ski-styret. Ofte nytta som renn-leiar i hopp.
Han sat i stadionnemnda som vart oppretta i 1961 (Dalemyra), og han var
Bakkesjef i storrennet i Brunstadbakken i 1962, eit renn kombinert-verdsmeister,
Arne Larsen, vann. Magnar hadde saman med Margit fått eigne born. Tre i talet,
og han var klar for bolk 2 i Velledalen IL.
Bolk 2:
I desember 1965 sette
Velledalen IL ned ein komité for Barne- og ungdomsidrett. Ikkje uventa hamna
Magnar der. Om lag på denne tida danna Ole Jostein, Jan Petter og Karsten, alle
med etternamn Fet, ein ny generasjon alpinistar i Velledalen. Med Fet som base.
Magnar stod bak dei, som tilrette-leggjar og inspirator. Seinare kom yngsteson,
Øyvind, og vart best av alle. Ein naturleg konsekvens vart ei alpingruppe, der
Magnar sat i ti år. Fet-karane heldt styringa på alpinsporten, der Odd Gjersrud
og Ole Jostein Fet også tok solide tak. Så kom straumgjeringane med, og karar
som Einar Fet, Kjell Skogvold med fleire dreiv Magnar sitt pionerarbeid til nye
høgder. Alpinanlegget på Fjellsætra konkurrerte ut hoppsporten.
I 1971 vart Dalemyra grasbane
endeleg opna.
Eit anlegg som hadde 50 års markering i juli 2021.
På opningsdagen sat Magnar Fet enno i banestyret, han
var ein av velledalingar med flest dugnadstimar på anlegget, og han sat i
alpingruppa. Etter dette vart det mest «kremjobbar» på Magnar i ulike nemnder.
Som valnemnd og marknadsnemnd. Ein del år seinare, ved Velledalen IL sitt 100
års jubileum, vart Magnar æresmedlem i Velledalen IL saman med to andre gode
menn av 1927-årgang. Kaspar Fet og Karl B. Lade.
Elles skal Magnar ha honnør
for samfunns-ansvaret sitt. Han var ein av dei som skjøna, at når ein bur i eit
lite og sårbart samfunn som Velledalen, er det lite gunstig for totalen at det
vert «hoppa over bekken etter vatn». Det gjorde han ved å trufast slutte opp om
lag, organisasjonar og «institusjonar» i nærområdet.
Den lokale
idretts-kjennaren, Ole L. Hole, skal få slutt-orda om Magnar Fet. Då «Knut-Ole»
vart spurd om kven han meinte var Velledalen IL sin største idrettsmann i
etterkrigsåra (1945-1955) vart han tagal lenge. Han tenkte grundig. Så svara
han:
-
E held enj knapp
på nå Magnar ne på Fet. Fordi han va so allsidige!
Takk for skiftet, Magnar - minna er mange og gode!
Atle Jomar
Nestleiar Velledalen IL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024