VIL-gutane vann lagkonkurransen i orientering
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Sep 2021
Så kan o-gruppa puste ut.
Etter ei travel helg med o-samling på laurdag og to løp sundag. Både
lagkonkurranse og ordinært o-løp. Lagkonkurranse har aldri tidlegare vore
arrangert av Velledalen IL sin stab, men vi trur det gav meirsmak - både for
løparar og arrangør.
14 lag som inkluderte kring
40 born starta samstundes. Målet var å nå flest mogleg postar – av i alt 27 – i
løpet av ein time. Fire av postane var bemanna, der utøvarane på laga fekk
ulike oppgåver som skulle gjennomførast.
To lag greidde alle
postane før timen var omme. Mellom dei Velledalen IL sitt unge vinnarlag
(Tobias, Elias, Johan og Mikkel). Dei greidde det til og med i god tid før
timen var omme. Berre eitt anna lag (frå Emblem IL) greidde det same.
Lagkonkurransen samla elles fleire miksa lag, der gode venskap på tvers av laga
(MOI, Emblem og Velledalen) vart knytt gjennom helga.
Det ordinære o-løpet, som
ber namnet «Haustløpet», samla 31 deltakarar. I ganske så krevjande løyper,
sette av Pernille Ibsen Lervåg og Alastair Brunton. Frå Velledalen IL vart
Marianne Fløttum klassevinnar i D17- A kort og Bernt Are Lervåg i H17-A kort.
Finfin 3.plass til Per Magne Drotninghaug i klasse H17-. Sivert Mosby Nakken
vart nummer to i klasse B-open 17-. Broren Andreas vart nummer tre i same
klasse.
Heile resultatlista ligg
ute på Eventor
O-gruppa takkar alle som
har gitt ei hjelpande hand i løpet av helga!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024