Per Inge klassevinnar nok ein gong
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2021
Arkivfoto
Varden Opp i Langevåg
samla fattige 30 fullførande deltakarar i konkurranseklassa i dag. Velledalen
IL hadde berre
Per Inge Bjørnestad på
startstreken. Men det er ingen kven som helst innan lange, harde løp for veteranar.
Best tid uansett klasse
fekk Matias Mørkedal frå Langevåg IL med fine 47.03. Per Inge noterte 52.30 som
vinnar av klasse 50-54 år.
30 deltakarar er truleg
det lågaste talet arrangøren på Sula nokon gong har hatt i konkurranse-klassa.
Denne gongen kolliderte løpet med det nye Melshornløpet i Volda. Andre sit
kanskje heime og ventar på at det skal kome gondol på strekninga. Då slepp ein
også tidtaking…..
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024