Anette og Nikolai sterke i Birkebeinerløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2021

Begge var debutantar, og
difor truleg litt ekstra spente. Men begge har vore i tøffe konkurransar
tidlegare,så dette takla dei fint. Og gledeleg; alt tyder på at begge har stått
distansen godt – ingen sprekk mot slutten.

Anette fekk den beste
plasseringa med 6.plass i klasse K 30-34. Sjetteplass av 105 fullførande, på
tida 1.40.24. Som betyr at Anette kan kva dag ho vil, kan sette ny klubbrekord
på halvmaraton for kvinner i ei flat asfalt-løype.

Hipp hurra også for Siri
Jokstad
   (søster til Anette) og Oda
Alette Kjellsbøl Hole (dotter til Roger) i klasse K 25-29. Siri leverte
glimrande 1.44.47 og Oda Alette 1.53.25. Det heldt til høvesvis 14. og 36.plass
av
   122 fullførande kvinner. Solid
levert!

Til sist gratulerer vi
Nikolai med eit solid gjennomført løp. Vi veit han ikkje er svært glad i så
lange løp, men splitt-tidene viser han har hatt stålkontroll. Og snakk om «timing»,
22.plass i klasse M 30-34 (heile 204 fullførande) med startnummer 22! Tida vart
fine 1.25.49.

PS.

Litt om tidene i Birkebeinerløpet i høve til tidene på ein relativ flat
halvmaraton:

Sjur Haug frå Ørsta vann
nyleg halvmaraton under Nordvestmaraton på Hareid på 1.09. Løypa på Hareid vert
rekna som tung. Sjur sprang særdeles godt også i Birkebeinerløpet med 4.plass i
eliteklassa som resultat. Tid 1.14