Duell far/son under Nibbeløpet i Geiranger
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Sep 2021
Brødreduellen som fleire år var eit lokalt høgdepunkt mellom folket på
Hole, var mellom Roger Malvin Hole og den langt yngre broren Jens Christian.
Løpet gjekk frå Ola-stabburet til sætreelva i
Holemarka (der trimposten ligg) og tilbake. Ei strekning på kring 4,5
kilometer. Truskuldig moro med servering av svele og kaffi til publikum, og
alltid full innsats av dei to aktørane, som faktisk veksla på å vinne.
Sist helg starta Andreas
Mosby Nakken og far Svein Arne Nakken i same felt i Nibbeløpet. Svein ein røynd
«rev» i løpet, Andreas debutant. Før løpet hevda Svein hardnakka at oddsen på
siger til Andreas var 1.00. Det vil seie at han meinte det var brennsikkert at
Andreas ville slå han. Slik gjekk det:
På fyrste meldestasjon etter ein dryg halvtime i løypa
var stoda slik:
Andreas: 33.26
Svein: 34.44
Begge pusta tungt, men var
spenstige i steget.
På mellomstrekket leverte dei desse tidene:
Andreas: 49.39
Svein: 52.50
Dermed var avstanden
mellom dei dei to 4.29 (fire minutt og 29 sekund) og enno hadde dei ikkje nådd
Djupvasshytta. Alt tyda på at Svein fekk rett. Men Alf Petter som var ved denne
posten, såg at Andreas byrja «skrante» aldri så lite. Svein var kome inn i eit «rutine-modus».
Snudde på siste strekket
Siste fem kilometer går i særs bratt lende opp Nibbevegen til toppen av
Dalsnibba på kring 1500 meter. På dette strekket leverte karane fylgjande
tider:
Andreas: 57.12
Svein: 54.02
Med krampe i begge låra
kryssa Andreas mållina, vel vitande om at han var føre faren i løypa. Men Svein
henta tre minutt og ti sekund på siste strekket. Hadde det vore ein kilometer
lenger, trur vi «gamleguten» hadde kome sigrande ut denne fine august-dagen.
Uansett resultat; honnør
til Gyls-gutane Svein Arne og Andreas!
PS. At ein far og ein son
kjempar jamt i så tøffe, og lange løp er sjeldan vare. Men i Nibbeløpet er det
ikkje fyrste gong. Petter Melchior frå Norddal og eine sonen hadde ein liknande
fight for ein god del år sidan.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024