Frimodige utøvarar i Velledalen IL

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Aug 2021

Frå tid til anna kan ein
på nettsida til Velledalen IL finne VIL-personar som er fotograferte saman med
toppar innan sitt felt. Seinast i Geiranger i går, vart tvillingane May Evy og
Ola Åge fotograferte saman med verdas beste fjell-løpar, spanjolen Kilian
Jornet. Andre vil minnast at VIL-born vart fotograferte saman med
junior-verdsmeister i orientering, Kasper Fosser.

Spørsmålet i konkurransen
lyd slik:

Kva heiter personen som
bur i Velledalen og har hatt kroppskontakt med den olympiske meisteren Karsten
Warholm, i form av foto på VIL-Nett…?

Vi presiserer at saka
ikkje er heilt fersk, men det er mindre enn fem år sidan kroppskontakta fann
stad. Lukke til!

Send svaret ditt til:

atlehole@online.no

917 43 761

Innan måndag 30.august
klokka 12.00