May Evy og Per Inge klassevinnarar i Geiranger
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Aug 2021
To VIL-utøvarar var mellom
121 fullførande i Nibberittet i Geiranger i dag, nemleg Bjørg Iren Strøm og
Marius Kalland. Plasseringane vart slik:
K 50-59:
3. Bjørg Iren Strøm,
Velledalen IL, 2.18.10
M 30-39:
11. Marius Kalland, Sykkylven SK/Velledalen IL, 1.31.01
Heile 22 fullførande i 30-39 år.
VIL-løparane er i god form
for tida. Mest alle sette nye personlege rekordar. Unge Andreas Mosby Nakken
var debutant, og kryssa målina etter 21 000 meter og 1 500 høgdemeter,
full av krampe i låra. Likevel heldt han faren bak seg, men hadde vore ein
kilometer lenger hadde rutinerte Svein Arne vore der.
Per Inge vann klassa med
tre minutt og 27 sekund ned til Erik Røkke på 2.plass. Per Inge vart beste
sunnmøring i løpet og er i knall-form, sjølv om han miste eit par plassar mot
slutten. May Evy vart fjerde best av alle kvinner- også ho beste sunnmøring
mellom kvinnene. Klar ny personleg rekord for May Evy som fekk god pes under
løpet av tvillingbroren Ola Åge og Kari-Anne Tryggestad Ryste. Ola Åge hadde
mykje å spa på med mot slutten og har nok meir inne.
Her er løpsresultata:
M 50-54:
1. Per Inge Bjørnestad,
Velledalen IL, 1.57.13 (personleg rekord) – ni fullførande
M 45-49:
3. Ola Åge Nesheim,
Velledalen IL, 2.13.14 – ti fullførande
K 45-49:
1. May Evy Nesheim,
Velledalen IL, 2.16.22 – personleg rekord
M 17-18:
4. Andreas Mosby Nakken,
Velledalen IL, 2.20.17 – debutant, har meir inne
M 55-59:
2. Svein Arne Nakken,
Velledalen IL, 2.21.36 – tok ut potensialet sitt. Hans nest beste løp i
Geiranger «ever». Svein er i slag!
Takk til friidrettsleiar
Alf Petter og langar Frode Hoprekstad for plikttru jobb!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024