Ei uendeleg djup og blytung sorg

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Aug 2021

I vår kom Odd-Kåre Fet frå
Jogarden på Fet til Olagarden på Hole med traktor for å hente kalven Johan. Den
sju veker gamle avhorna oksekalven hadde namnet sitt etter Johan Svindseth,
sidan den vart fødd samstundes med at VRF-kjempa gjekk ut av tida.

 Etter kalven var komen i kassa, dreia samtalen
seg om Odd-Kåre kunne ta attval til vervet i Sykkylven Idrettsråd. Han slo då
fast at vi burde sleppe yngre krefter til, men om slike ikkje fanst, skulle han
ikkje vere uviljug på eitt år til. Slik var Odd-Kåre; alltid
løysings-orientert.

Nokre veker seinare,
nærare bestemt fyrste helga i juli, vart Dalemyra grasbane sitt 50 års jubileum
markert. Der vart Odd-Kåre tala varmt om, som den VRF-spelaren i klubben sine
beste år (1970, 1971 og 1972), som var nærast i å ta ut det heile og fulle
potensialet sitt som spelar. Men det var ikkje berre i fotballen Odd-Kåre tok
ut potensiale sitt. Mest alle lag og organisasjonar fekk smake Odd-Kåre sin «drive».
Også lag utanom Velledalen.

Personleg var eg 14 år
yngre enn Odd-Kåre, og 13 år eldre enn Ole André. Det gjorde at eg fekk ha
begge som lagkamerat på VRF sitt A-lag. Totalt ulike som spelar-typar. Odd-Kåre,
proppfull av forsvarsgenar, vart gullklokkemann i VRF for innsatsen sin på
høgrebacken, i ei tid der backspel stort sett dreia seg om område frå eige mål
til midtstreken. Glanstid: stort sett heile 60-talet og fyrste halvdel av
70-talet. Ole André var rake motsetninga av faren, med mest berre offensive
genar. Glitrande teknisk, godt driv med ballen i beina, og ein nask avsluttar
med begge bein. Typisk målscorar. Den tida han spela i lågare divisjonar dribla
han gjerne same mann fleire gonger i same angrep. Glanstid: 1990-talet, der han
var svært sentral i VRF sin siste «bølgjetopp» frå 1994 og ut til
tusenårsskiftet. Ole André gjorde ein solid sesong for AaFK
   på nivå to, men kom raskt heim til kameratane
i VRF. Det var der han treivst best. Kunne vore norsk nivå-2-spelar på stort
sett heile 1990-talet om han ville.

Odd-Kåre og Ole André
hadde altså fotballen som felles ballast. På ein gard må ein ofte dele på
byrdene og krafttaka. Slik veks arbeids-felleskapa seg sterke, gjerne mellom
far og son. Slik var det i Jogarden på Fet. Der delte ein både på dei
vanskelege og lette jobbane. I tillegg var begge sentrale i firmaet Norsk
Aktivitetssenter AS. Så samspelet far/son var på plass,
 anten det galdt gardsarbeid
eller vaktmeistertenester på Fredsberg i Ålesund. Eit samspel utvikla gjennom tiår,
eit samspel som gav stryke til begge.

Difor var det naturleg at
dei var i lag, også på den fatale kvelden. Dette hadde dei gjort mange gonger
før, ein rask kveldsjobb for to drivne karar å rekne. Men denne sundagskvelden
vart ikkje som nokon anna sundagskveld i Velledalen. Odd-Kåre fekk ikkje sett
seg i respekt i fyrste tacklinga som var mottoet hans frå fotballbana. Far og
son kjempa
   kampen saman – denne gongen til
siste andedrag for dei begge. Det låg ikkje i deira natur at den eine skulle
berge seg på kostnad av den andre. Utfallet vart så tragisk det berre kunne
fått blitt. Og vi andre sit her i sjokk. Med spørsmål
som kvernar i hovudet
   – og ei uendeleg
djup og blytung sorg.

Olagarden 19.august 2021

Atle Jomar