Sju VIL-løparar sprang siste løpet i Sommarkarusellen
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Aug 2021
Gruppeleiarane i
Velledalen IL for langrenn (Svein Arne Nakken) og friidrett (Alf Petter Bøe)
var på plass og sytte for at VIL-utøvarane nytta sørgjeband under løpet. Dette
for å heidre Odd-Kåre Fet (medlem av friidrettsgruppa) og Ole André Fet sitt
minne.
Som vanleg gjorde
VIL-løparane ein fin figur. Andreas Mosby Nakken var åleine om å springe 10 km.
Noko han gjorde på glimrande vis til tida 41.42 og siger i klasse M 15-19.
May Evy Nesheim vart beste
kvinne uansett klasse på 5 km. Tida vart 20.32. Irene Mork sytte for at det
vart dobbeltsiger til Velledalen IL i klasse K 45-49. Irene brukte 27.56 denne
gongen.
Per Inge Bjørnestad vann
klasse M 50-54 med tida 18.20. Det var nest beste herretid uansett klasse på 5
km. Berre Kristian Nedregård var raskare med 18.14.
Vidare vart Sivert Mosby
Nakken nummer to i klasse M 15-19 på tida 19.29. Fattige sju sekund bak
vinnaren Odd Egil Vågsæter (dotterson til Oddvar Rønneberg) frå Stranda.
Fridtjof Fredriksen var
som vanleg solid i klasse 55-59 år. Vinnartida hans i klassa var 20.10
Her vart Svein Arne Nakken
nummer to med tida 22.52
Totalt samla tredeje og
siste løpet i Ålesund Sommarkarusell 64 fullførande. 28 på 10 km og 36 på 5.
Hans Jakob Hunnes hadde beste herretid på 10 km med 35.08. Tora Stahl Rød bete
kvinnetid på 43.50.
Status for kvelden:
·
Fire klassesigrar
til Velledalen IL
·
Beste kvinnetid
på 5 km (May Evy) og nest beste herretid (Per Inge)
·
Fleire personlege
rekordar
·
Ei verdig
markering av at vi for tida er eit lag i sorg.
PS. Mannen til høgre på
fotoet teke av Helge Fuglset heiter Per Jan Helset, Odd-Kåre Fet sitt syskjenborn.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024