Ny o-dag med sus i for Velledalen IL

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Aug 2021

Arkivfoto
Laurdag var familien Kaas Ibsen/Ibsen
Lervåg åleine om å representere Velledalen IL. Det gjorde dei fire utøvarane
framifrå.

TROELS deltok i klasse
C-open 17- med 20 fullførande deltakarar. Distansen var 2340 meter. Troels
gjennmomførte i fin stil på 21.19, ei tid som heldt til 4.plass.

TOBIAS sprang same løype
som onkelen, Troels, men i klasse H 11-12. Her var det 15 fullførande utøvarar.
Tobias mot 14 trøndarar. Strekk-tidene viser at Tobias var best på
opningsstrekket. Han hadde 10.plass som sitt svakaste strekk. Tobias brukte 17.51
på løypa - flott 4.plass i klassa. Tre gutar frå Freidig var betre. Men kanskje
enno viktigare; han tok skalpen til onkelen for andre dag på rappen.

MIKKEL er ustoppeleg i
Midt-Norsk. Greitt at det ikkje er rangering i klasse H 9-10, men Mikkel var
soleklart best for andre dag på rad. Distansen laurdag var 1810 meter og ni
fullførande utøvarar.

PERNILLE er kaptein på
laget. Fredag mangla ho 14 sekund på klassesiger i D 40- i sprint. På
langdistanse (5080meter) starta Pernille i D 35-. Strekktidene viser at ho
hadde klassesigeren nærast i lomma halvvegs. Så kom ein feil, og det vart tett
fight mot Byåsen-løpar Jenny Persson resten av løpet. I mål var tidene 45.29
for Pernille, 45.23 for Jenny.

I dag står mellom-distanse
og
   lagkonkurranse på programmet. I
lagkonkurransen skal VIL kjempe mot 14 trønderlag, med eit særs ungt lag;
nemleg Sofie, Johan, Mikkel og Tobias.

Lukke til!

Men uansett korleis det
går…. Velledalen IL sine utøvarar har meir enn berga æra under årets
Midt-Norske meisterskap med Kvikne IL som arrangør.