Midt-Norsk: Andreplass nummer tre for Pernille
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Aug 2021
Arkivfoto
Det har vore ei travel
helg for o-leiaren i Velledalen IL, Pernille Ibsen Lervåg. Men heilt sikkert ei
kjekk helg, når ho ser tilbake.
Fredag 13. august: Nummer
to i sprint. 14 sekund bak vinnaren i klasse D 40-
Laurdag 14. august: Nummer
to på langdistanse. 6 sekund bak vinnaren i klasse D 35-
Sundag 15.august: Nummer
to på mellomdistanse. 1.01 bak vinnaren i klasse D 35-
Løypa under mellomdistanse
var 4040 meter for Pernille sin del. Vinnar vart jenny Persson frå Byåsen IL på
37.36. Pernille hadde 38.37 på andre plass. På strekket mellom andre og tredje
post tapte Pernille 1.45 minutt til vinnaren, elles var dei ganske så jamne.
I klasse B-open 17- hadde
Velledalen IL med Troels Kaas Ibsen og Marianne Fløttum. Troels vart nummer 16
på 33.03, medan Marianne fekk 43.28 og 20.plass. Marianne gjorde eigentleg eit
solid løp, men gjekk på ei 15 minutts «blemme» på strekket mellom post to og
tre. Distansen i denne klassa var 2320 meter.
Alastair Brunton var vår
mann i klasse H 21- Ei løype på heile 5350 meter. Stort sett stødig orientering
av Alastair med berre eit par småbommar, gav han 18.plass på 46.06 i den tøffe
konkurransen.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024