Knallstart i Midt-Norsk i Trøndeleg

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2021

Yngstemann på laget var
Mikkel Ibsen Lervåg i klasse H 9-10. Han sprang ei løype på 1060 meter,

 fann alle postane, og kryssa mållina på 10.44.
Det er inga rangering mellom så unge løparar, men ingen på heimleg grunn i
Velledalen tek skade av å vite at Mikkel var best i klassa.

Bror Tobias i klasse H
11-12 sprang ei løype på 1180 meter. Han hadde heile 14 deltakarar å kjempe
mot, fleire av dei eldre enn Tobias. Sett på den bakgrunn er 4.plass på tida
9.43 imponerande, rett og slett. Det høyrer med til soga at avstanden framover
var kort. To sekund til 3.plassen.

Mor sjølv, Pernille,
sprang i klasse D 40-. Distansen var 1570 meter. Strekktidene viser at Pernille
gjorde eit botnsolid løp. Tida 12.48 heldt til 2.plass. Fattige 14 sekund bak
vinnaren Mari Angell-Petersen, Fredig

Troels Kaas Ibsen sprang i
klasse C-open17-. Det gjorde han særs godt over distansen 1180 meter. Med tida
11.55 tok han ein fin 3.plass, 31 sekund bak vinnaren Rigmor Standal,
Stjørdals-Blink.

Tøffaste oppgåva hadde
Alastair Brunton i klasse H 21- Her spring dei beste seniorane. Distansen var
2190 meter. Alastair brukte 20.13 på sin sprintrunde, ei tid som heldt til
15.plass.

Framifrå innsats fyrste
dag i Midt-Norsk. Dei fleste VIL-løparane skal i aksjon også laurdag, då på
langdistanse. Lukke til, alle saman!