Jakub glimta til på Geilo
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Aug 2021
Jakub deltok i tøffaste
herreklasse H 21. Her var det stort sett 50-60 påmelde alle fire dagar.
Jakub kom seg til mål alle
fire dagane utan diskvalifiseringar. Berre det ein sold prestasjon.
Plasseringane var svært jamne, unnateke dag to, der han hadde ein klar
formtopp.
Slik gjorde Jakub det i
klasse H 21 dei fire dagane:
Dag 1: Nr.36
Dag 2: Nr.20
Dag 3: Nr. 37
Dag 4: Nr. 36
Jakub imponerte på dag to.
Ein 20.plass i dette selskapet er sterkt. Avstanden oppover på resultatlista
var heller ikkje skremande. Vinnar denne dagen vart Vegard Gulbrandsen, NTNUI,
på tida 21.49. Jakub kom inn på 28.23. På to av strekka viser tidene
på Eventor at Jakub hadde fjerde beste tid i klasse H 21.
Sterkt! Velledalen IL håper
dei fire løpa på Geilo gav Jakub ein solid
dose meirsmak.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024