Knalltider av Oslo-avdelinga i Konradløypa

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2021

Med tida 15.24 vart
Nikolai Handle Jensen best av kvartetten. Tida er så god at han er inne på
fyrste side av Lars Inge Sæther sin statistikk. Nikolai har aldri delteke i eit
offisielt Konradløp, men har heilt klart noko å fare med. Vi nemner at Njål
Torillson Tyssing har gjort 15.22 og 15.23 i sine to beste løp. Nikolai si tid
fredag hadde halde til siger i

 10 av dei
18 arrangerte Konradløpa hittil.

Anders Wigdahl leverte
tida 15.42. Ny bestenotering med 22 sekund, noko som lovar godt for resten av
løps-sesongen. Kan vi ane ein formtopp i kjømda fram mot siste helga i juli….?

Anette Heimli Jokstad kan
fort gjort bli fyrste kvinne i Velledalen IL som spring mila under 40 minutt. I
alle fall lovar 17.41 i Konradløypa svært bra. Berre langrennsjenta Kristine
Hjellbakk Hole, Sunnylven IL og vår eigen o-løpar, Pernille Ibsen Lervåg, har
gjort betre tider. Tida til Anette hadde altså halde til siger i 16 av 18
arrangement hittil.

Nemnast må også
superveteran Sverre Jokstad (klasse 60-64 år). Han tok seg rutinert rundt løypa
på 24.40. Meir enn godkjent i denne aldersklassa.

Dei lokale nøgde seg med
tilskodar-rolla denne gongen. Vi registrerte at både Nils Terje Skylstad (15.29
som bestetid) og Alf Petter Bøe (15.30) var på plass. Like eins Morten Holmberg
med lang fartstid frå Vik i Sogn. Alle let seg imponere av kvartetten sine
dirrande flotte prestasjonar i behageleg sommarvarme.