Johan S Grebstad «kongen» av Dalemyra
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jul 2021
Det vart ein gild kveld
med Velledalen IL sitt 2021-styre som arrangør. Leiar Ove Skylstad yngste alle - knappe 40 i talet – velkomne til mat- og mimrekveld. Atle Hole leia så
forsamlinga gjennom programmet for kvelden.
Mimring om ei fotballbane
der dugnadsarbeidet starta i 1961. Ei anleggs-tid på ti år er mykje. Atle Hole
las frå møte-boka at VIL-styret vinteren 1964 såg føre seg at bana kunne bli
sådd dette året. Men det vart 1970 før Harald Hjorthol og Jon Hjortdal sådde
bana.
Nestleiaren frå 1971, Johan S.
Grebstad, forklara kvifor det vart slik. I perioden 1961-1967 vart det utført
1967 dugnadstimar. Topp fire såg slik ut:
94,5 timar: Johan S.
Grebstad
94 timar: Jon Hjortdal
86 timar: Magnar Fet
80 timar: Per Svarstad
Klubbkokken og sekretæren i
Velledalen IL, Sondre Bårnes, servert så ei vel-smakande kjøtsuppe. Ei suppe
med fylde og mørt kjøt fekk opp stemninga kring borda. Etter maten vanka det
blomar, delt ut av kasserar Henning Tandstad, til personar som arrangerte ei
vellukka baneopning i 1971, til personar som hadde ofra mykje tid på bana og på
VRF-spelarane som vann pokal-turneringa opningshelga.
Fleire gode historier vart
serverte, mellom anna av 1971-ballgut, Morten Øystein Holmberg. VRF-bussjåfør
og VIL sin gruppeleiar for langrenn, Svein Arne Nakken, tok føre seg
ein busstur til Harøya. Det vart vidare bore
fram helsingar frå spelarane Arild Lade, Erling Solsletten og Reidar
Bremerthun.
Så kom ein bolk med kaker
og kaffi. Og fleire muntre historier frå ei svunnen tid. Vidare vart det snakka
om VRF-damegruppa sitt arbeid og sosiale sjarm. Før ein gild kveld vart runda
av med at Henning Tandstad delte ut ei kolonialkasse til Johan S. Grebstad - sjølvaste «Kongen» av Dalemyra.
Fordi:
·
Som 20-åring
byrja Bolla føre dugnadsliste for arbeidet på anlegget
·
Bolla var den som
hadde flest dugnadstimar i perioden 1961-1967
·
Bolla var som
nestleiar i VIL med på å arrangere den vellukka baneopninga 3.og 4.juli 1971
·
Og ikkje minst;
Bolla har hatt ein finger med i spelet av stellet av bana i 50 år.
·
Som 80-åring er
han framleis aktiv på anlegget
·
Alt som
gratisarbeid
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024