Alle trimpostane.
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jul 2021
Arkivfoto
Det
vekte interesse i fjor sommer når eg såg Henning kjempe seg rundt
alle trimpostane på en dag. Så etter en god treningsvinter/vår med Velledalen
IL blei dette ett av dei to store måla for året. (Det første blei innfridd med
en halvmaraton langs Andestadvatnet i mai).
Med fine værmeldinger for helga og med gode
tilbakemeldinger på rutevalg fra dei som har tatt turen før blei planen lagt.
Målet blei å fullføre uten stress på tid, men samtidig få ei solid trening utav
det. Sykkel skulle brukast mellom postane etter Vellesætra for å spare knea.
Dårlig start. Presterte å sovne på slutten av Belgia
- Italia kampen og bråvåkna ti over to på natta, hadde planlagt start halv tre.
Fekk lagt ut sko og drikke ved Svartevatnet før sykkel blei sett att ved
kraftverket på Brunstad sammen med nok ett skoskifte, mat og drikke.
Fem over tre gikk starten frå Hole i retning
Holemarka. Friskt og fint med ett rødskjær på himmelen og en avkjølande vind
gikk turen i rolig jogg opp Strandafjellet. Etter post 2 på Myrdalsfjellet gikk
turen ned til Svartevatnet der joggeskoa blei bytta til meir terrenggåande og
kursen sett utover Holebotnen.
I halv sekstida innhenta dei første solstrålane meg
og fekk løyst svetten opp den bratte stigninga mot Holetindane. Grudde meg litt
for turen ned mot Køln, men her var godt merka så det gikk veldig
greit ned til Storevatnet. Prøvde å springe ned mot Brunstadsætra, men
kneet ville ikkje meir og det blei gåing via Vellesætra og ned til kraftverket.
Tanken om å avbryte her slo eg frå meg sidan eg kunne gå smertefritt og
sykkelen ville være til god hjelp mellom postane vidare.
Bunkra opp med mat og drikke, og med nytt
skoskifte var eg klar for siste halvdel. Regndalen og Høgesætra var seige og
måtte tilpasse farta etter sola som no virkelig begynnte å merkast. På veg mot
skogsvegen Fet var kneet bra igjen og vi var i rolig joggemodus igjen. Trur
syklinga gjor godt.
Etter skogsvegen Drabløs blei kursen satt mot
isdisken på Bunnpris Straumgjerde og ei etterlengta is og bruspause. Med reine
sykkel etapper vidare havna vi til slutt ved Langnesvatnet og siste
høgdemetrane opp til Koppen. Her rauk siste supen med Cola før nedstigninga til
Hjorthol og siste etappen bort til Hole.
Klokka viste 79Kilometer og 4005 høgdemeter. Veldig
godt fornøgd med en kjempefin tur i storslått natur, og prat med kjekke folk
langs ruta.
Hilsen Bjørn B
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024